VerkTøy
Prosjektet VerkTøy er ei rekkje strikka tekstile objekter. Objekta tar formen av verktøy typisk for snikkarfaget og gjer dei ubrukelege ved å tillegga dei klassiske feminine eigenskapar som fleksibel, mjuk, behageleg og fargerik. Flotve ser på spelet mellom form og materiale for å utforska kjønnsforventningar kring objekta rundt oss. Ein tilhøyrande performance underbyggjer tematikkar rundt vårt kjønna språk og dens påverknad ved at Flotve aktiverer/iscenesetjar verktøya.