Alt det me har bore
Alt det me har bore er eit prosjekt som utforsker våre forbindelsar til objekta me har rundt oss.
Det starta med ei bearbeiding av gamle klede arva ned frå slektningar. Kleda vert klippa opp i strimler og nøsta opp til nøster. Dette vart til ei rituell handling som tok noko brukt og gamalt om til noko nytt. Materialet fekk nytt potensiale. Det heile vart avslutta med eit stort strikka teppe der Veslemøy kombinerte alle kleda til eit større verk.
Desse tankane vart dratt vidare inn til eit prosjekt der hen inviterer folk til å kome med sine eigne klede. Klede som kanskje ligg innerst i skapet og ein ikkje klarer å kvitte seg med. Veslemøy inviterer publikum til å klippe kleda opp for å frigjera makta plaggene har, samstundes som at Veslemøy har ein samtale om plagget publikum har valgt å klippe opp. På den måten leggjast det fokus på minna og ikkje det fysiske objektet.
Dette skaper dialog om styrka til affeksjonsverdi og på kva måte objekta rundt oss påverkar.